Professor Emerita ved Universitetet i Tromsø, Ingunn Elstad, vitjar Sortland Museum og Sortland bibliotek for å fortelje om tvangsevakueringa fra Finnmark med utgangspunkt i boka hennar «Tvangsevakueringa». Vi får òg høyre om opplevingane til Odd Lillejord, som saman med familien sjølv vart tvangsflytta til Vesterålen.

Det er 77 år sidan tyske styrkar tvangsevakuerte befolkninga og brente storparten av Finnmark og Nord-Troms, på særskilt befaling frå Hitler. Landet skulle gjerast folketomt. Småbarnsfamiliar og gamle vart fanga inn med våpenmakt. I dag stiller fleire spørsmål om korfor det vart gjort. Operasjonen har vore forklart som «den brente jords taktikk», men hadde lita eller inga militær meining. I boka «Tvangsevakueringa» som kom i haust, blir tvangsevakueringa forklart som ei krigshandling mot den  sivile befolkninga. Hitler ville halde dei under kontroll også etter at okkupantmakta hadde trekt seg ut av Finnmark og Nord-Troms.

På kort varsel måtte sivile styresmakter og det sivile samfunnet sørge for transport og mottak av 50 000 heimlause som hadde tapt alt. Vesterålen tok imot svært mange tvangsevakuerte, særleg frå Nord-Troms. Historiene deira er med og kastar lys over det som skjedde.  

Odd Lillejord, bosatt på Myre i Øksnes var eit år gamal i 1944 da familien hans vart evakuert frå Finnmark. Hendinga skulle få dramatiske, livslange konsekvensar for den vesle guten og familien hans. Odd fortel om tvangsevakueringa, slik den har blitt fortalt han, og om jakta på ein tapt familie langt inn i vaksenlivet.

Foredraget er eit samarbeid mellom Øksnes Museum, Sortland Museum og Sortland bibliotek. Foredraget i Alsvåg er laurdag 8. mai kl. 12.00.

 

 

 

Praktisk info

Varighet: 1 time 30 minutter

Arrangør: Sortland Museum og Sortland bibliotek

Foto: Båten på bildet heiter RS Storebrand og blei brukt til å frakte evakuerte til Øksnes.

BOKSAL ETTER FOREDRAG
Tilhøyrarar som ynskjer å kjøpe Ingunn Elstad si bok «Tvangsevakueringa» får moglegheit til det etter foredraget. Den kan òg kjøpas i museumsbutikken seinare. Boka kostar kr 399,-.

INNGANG: Inngang kr. 100,- for vaksne, gratis for barn og unge. Billett kjøpas i museumsbutikken i timen før foredraget starter.

Namn og telefonnummer registreras ved framkomst i fall det vert behov for smittesporing. Gjestelista oppbevarast i 10 dagar og makulerast deretter.

Anbefalinger

newsletter-hr
gavekort-hr